1 I dei dagane då dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. Då fór ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sønene sine for å slå seg ned i slettelandet Moab.
2 Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sønene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der.
3 Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine.
4 Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år.
5 Så døydde òg dei to sønene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att åleine, utan søner og utan mann.
6 Då tok ho ut saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå slettelandet i Moab. For ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.
7 Ho gav seg i veg vekk frå staden der ho hadde budd. Begge svigerdøtrene følgde henne.Dei gav seg i veg for å venda attende til Juda.