3 Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine.
4 Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år.
5 Så døydde òg dei to sønene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att åleine, utan søner og utan mann.
6 Då tok ho ut saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå slettelandet i Moab. For ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.
7 Ho gav seg i veg vekk frå staden der ho hadde budd. Begge svigerdøtrene følgde henne.Dei gav seg i veg for å venda attende til Juda.
8 Men Noomi sa til dei to svigerdøtrene sine: «Vend attende, gå, kvar til si mors hus! Måtte Herren vera god mot dykk, slik de har vore gode mot dei døde og mot meg!
9 Måtte Herren la dykk begge finna ein trygg heim, kvar i sin manns hus!» Så kyste ho dei. Men dei brast i gråt