1 Noomi hadde ein slektning på sida til mannen hennar, ein mektig og velståande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas.
2 Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til Noomi: «Lat meg gå ut på åkeren og sanka kornaks etter ein som vil visa meg velvilje.» Ho svara: «Gå du, dotter mi!»
3 Så gjekk ho ut på åkeren og sanka aks etter skurdfolket. Og det trefte seg slik at åkerstykket ho sanka på, høyrde Boas av Elimelek-slekta til.
4 Boas var nett komen frå Betlehem. Han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara han: «Herren velsigne deg!»
5 Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven høyrer denne unge kvinna til?»
6 Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frå Moab.