10 Då kasta ho seg ned med andletet mot jorda og sa til han: «Kvifor ser du på meg med velvilje og tek imot meg, endå eg er ein framand?»
11 Boas svara henne: «Dei fortalde meg meir enn éin gong om alt du gjorde for svigermor di etter at mannen din døydde. Du forlét far din og mor di og fedrelandet ditt og drog til eit folk du ikkje kjende frå før.
12 Herren skal løna deg for det du har gjort! Måtte du få fullt vederlag frå Herren, Israels Gud, no når du er komen for å søkja ly under hans venger.»
13 Ho sa: «Måtte du framleis sjå på meg med velvilje, herre, for du har trøysta meg og snakka venleg til tenestekvinna di, endå eg ikkje eingong er som ei av kvinnene i tenesta di.»
14 Då tida var komen for å eta, sa Boas til henne: «Kom hit og et av brødet, og dypp stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg ved sida av skurdfolket, og Boas gav henne rista korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att.
15 Då ho reiste seg for å sanka, gav Boas denne beskjeden til tenestefolka: «Også mellom kornbanda kan ho sanka. Plag henne ikkje!
16 Ja, de kan dra aks ut or kornbanda og la dei liggja att, så ho kan plukka dei opp. Ingen må truga henne.»