4 Boas var nett komen frå Betlehem. Han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara han: «Herren velsigne deg!»
5 Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven høyrer denne unge kvinna til?»
6 Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frå Moab.
7 Ho bad: Lat meg få plukka og sanka aks mellom kornbanda etter skurdfolket! Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no. Berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt seg.»
8 Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Sank ikkje aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til mine tenestejenter.
9 Sjå kvar på åkeren skurdfolka arbeider, og følg etter dei! Eg vil byda karane at dei ikkje får røra deg. Blir du tørst, så gå bort til krukkene og drikk av det som tenestefolket auser opp.»
10 Då kasta ho seg ned med andletet mot jorda og sa til han: «Kvifor ser du på meg med velvilje og tek imot meg, endå eg er ein framand?»