15 Så sa han: «Kom hit med sjalet du har på deg, og hald det fram!» Og då ho heldt sjalet fram, målte han opp seks mål bygg og la på henne. Så gjekk han inn til byen.
16 Då Rut kom til svigermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Og ho fortalde henne alt det mannen hadde gjort mot henne,
17 og la til: «Desse seks måla med bygg gav han meg, for han sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til svigermor di.»
18 Då sa Noomi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får vita korleis saka fell ut. For den mannen unner seg ikkje kvile før han får saka ordna, og det alt i dag.»