6 Ho gjekk ned til treskjeplassen og gjorde alt slik svigermor hennar hadde sagt.
7 Boas åt og drakk og vart glad til sinns. Så gjekk han og la seg i kanten av kornhaugen. Då smaug ho seg fram, tok teppet vekk frå føtene hans og la seg der.
8 Ved midnattstid kvakk mannen til. Han bøygde seg fram og såg at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.
9 «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestekvinna di», svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.»
10 Då sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike.
11 Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne.
12 Det er sant at eg er løysingsmannen, men det er ein annan løysingsmann som er nærare enn eg.