8 Ved midnattstid kvakk mannen til. Han bøygde seg fram og såg at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.
9 «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestekvinna di», svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.»
10 Då sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike.
11 Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne.
12 Det er sant at eg er løysingsmannen, men det er ein annan løysingsmann som er nærare enn eg.
13 Sov her i natt, og om han vil løysa deg ut i morgon, så lat han gjera det. Men om han ikkje vil løysa deg ut, skal eg gjera det sjølv, så sant Herren lever! Berre ligg her til i morgon tidleg!»
14 Ho vart liggjande ved føtene hans til morgonen, men ho stod opp før folk kunne kjenna kvarandre att. For han sa til seg sjølv: «Det må ikkje bli kjent at kvinna kom hit til treskjeplassen.»