1 Boas gjekk opp til byporten og sette seg der. Nett då kom løysingsmannen som Boas hadde snakka om, forbi. Boas kalla han ved namn og sa: «Kom og set deg her!» Så gjekk han dit og sette seg.
2 Boas såg seg ut ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
3 Så sa han til løysingsmannen: «Noomi, ho som er komen tilbake frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, eigde.
4 Eg tenkte eg ville gjera deg kjend med dette og seia: Kjøp det i påsyn av dei som sit her, i påsyn av dei eldste i folket mitt! Vil du løysa det inn, så løys det inn. Men vil du ikkje, så sei det til meg, så eg veit det. For det er ingen ved sida av deg til å løysa det inn, men eg har retten nest etter deg.» Han svara: «Eg vil løysa det inn.»
5 Då sa Boas: «Den dagen du tek over åkeren av Noomi, tek du òg over moabittkvinna Rut, kona til han som døydde, slik at namnet til den døde kan leva vidare og jorda gå vidare i arv.»