2 Boas såg seg ut ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
3 Så sa han til løysingsmannen: «Noomi, ho som er komen tilbake frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, eigde.
4 Eg tenkte eg ville gjera deg kjend med dette og seia: Kjøp det i påsyn av dei som sit her, i påsyn av dei eldste i folket mitt! Vil du løysa det inn, så løys det inn. Men vil du ikkje, så sei det til meg, så eg veit det. For det er ingen ved sida av deg til å løysa det inn, men eg har retten nest etter deg.» Han svara: «Eg vil løysa det inn.»
5 Då sa Boas: «Den dagen du tek over åkeren av Noomi, tek du òg over moabittkvinna Rut, kona til han som døydde, slik at namnet til den døde kan leva vidare og jorda gå vidare i arv.»
6 Løysingsmannen svara: «Då kan eg ikkje løysa han til meg, for då spiller eg arven til mine eigne born. Løys du til deg sjølv det eg skulle løysa, for eg kan ikkje gjera det!»
7 I gamle dagar i Israel var skikken slik når det gjaldt innløysing og bytehandel, at for å stadfesta ei sak skulle ein dra sandalen av seg og gje sandalen til den andre. Slik vart ei sak vitnefast i Israel.
8 Løysingsmannen sa til Boas: «Kjøp det du!» Og med det same drog han sandalen sin av.