6 Løysingsmannen svara: «Då kan eg ikkje løysa han til meg, for då spiller eg arven til mine eigne born. Løys du til deg sjølv det eg skulle løysa, for eg kan ikkje gjera det!»
7 I gamle dagar i Israel var skikken slik når det gjaldt innløysing og bytehandel, at for å stadfesta ei sak skulle ein dra sandalen av seg og gje sandalen til den andre. Slik vart ei sak vitnefast i Israel.
8 Løysingsmannen sa til Boas: «Kjøp det du!» Og med det same drog han sandalen sin av.
9 Då sa Boas til dei eldste og alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av handa til Noomi alt det som høyrde Elimelek til, og alt som høyrde Kiljon og Mahlon til.
10 Eg tek òg moabittkvinna Rut, kona til Mahlon, til ekte, slik at namnet til den døde kan leva vidare og odelen haldast i hevd. Slik vil namnet til han som døydde, ikkje bli sletta ut av slekta hans og gløymt i porten på heimstaden hans. Dette er de vitne på i dag.»
11 Alt folket og dei eldste som var i byporten, svara: «Ja, vi er vitne. Måtte Herren la den kvinna som no kjem inn i huset ditt, bli som Rakel og som Lea, dei to som bygde Israels hus! Syn di kraft i Efrata og vinn deg eit namn i Betlehem!
12 Måtte etterkomarane Herren gjev deg med denne unge kvinna, gje deg ei ætt som ætta til Peres, han som Tamar fødde til Juda!»