1 Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.
2 Eg riv bort,alt riv eg bort frå jorda,seier Herren.
3 Eg riv bort både menneske og dyr,fuglane under himmelen og fiskane i havet,eg lèt dei urettferdige snubla.Eg utryddar menneska frå jorda,seier Herren.
4 Eg lyfter handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg utryddar frå denne stadenalt som er att av Baal,og namnet til avgudsprestanesaman med prestane.
5 Eg utryddar dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren og sver ved hanog samtidig sver ved Milkom,
6 og dei som vender Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.
7 Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær! Herren har laga til eit slaktoffer,han har helga dei han har bode inn.