7 Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær! Herren har laga til eit slaktoffer,han har helga dei han har bode inn.
8 På dagen for Herrens slaktofferskal eg straffa fyrstar og kongssønerog alle som kler seg i framand drakt.
9 Eg skal straffaalle som spring over dørstokken den dagen,dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
10 Den dagen, seier Herren,skal det høyrast skrik frå Fiskeporten,jammer frå Nybyenog eit høgt klagerop frå høgdene.
11 Hyl, de som bur i Nedrebyen,for heile kremmarfolket er gjort til inkjes,utrydda er alle som vog opp sølv.
12 På den tida skaleg gjennomsøkja Jerusalem med lysog straffa mennene der,dei som sit sløve i sin vinrusog seier i sitt hjarte:«Herren gjer korkje godt eller vondt.»
13 Det dei eig, skal plyndrastog husa deira øydeleggjast.Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei,plantar dei vinmarker, får dei ikkje drikka vinen.