1 Samla dykk! Kom saman,du folk utan skam,
2 før det som er fastsett, blir sett i verkog dagen fyk bort som agner,før Herrens brennande vreide kjem over dykk,før Herrens vreidedag kjem over dykk!
3 Søk Herren,alle de audmjuke i landet,de som følgjer hans bod!Søk rettferd, ver audmjuke,så finn de kanskje lypå Herrens vreidedag.
4 Gaza skal liggja folketomtog Asjkalon bli ei øydemark.Asjdod skal drivast bort midt på lyse dagenog Ekron rykkjast opp.