10 Dette får dei att for sitt overmot,fordi dei spotta og såg ned påfolket til Herren over hærskarane.
11 Herren vekkjer frykt hos deinår han utryddar alle gudane på jorda.Alle folkeslag frå fjerne kystarskal koma og tilbe han, kvar frå sin stad.
12 De òg, kusjittar,skal gjennomborast av mitt sverd.
13 Han lyfter handa mot nordog øydelegg Assur.Han gjer Ninive til øydemark,tørr som ein ørken.
14 Midt i henne skal buskapar kvilaog alle slag ville dyr.Pelikan og hegre skal sovapå søylehovudaog ugla tuta frå vindauga,på dørstokken skal ramnen sitja.Sederpanelet blir rive av.
15 Dette er den jublande byen,ho som låg så trygt og sa i sitt hjarte:«Eg – og ingen annan!»Kor aud ho har vorte,ein kvileplass for villdyr!Alle som dreg forbi,plystrar hånleg til henneog slår ut med hendene.