5 Ve dykk kretarar som bur ved kysten!Dette er Herrens ord mot dykk:«Kanaan, du filistarland,eg legg deg i øyde så ingen kan bu der.
6 Kysten skal bli til beitemarkmed brønnar for gjetaraneog kveer for småfeet.»
7 Dei som er att av Judas hus,skal ha kysten som beiteland.Om kvelden skal dei leggja seg til kvilei husa i Asjkalon.For Herren deira Gud skal sjå til dei,han skal venda deira lagnad.
8 Eg høyrde spott frå Moabog hån frå ammonittanedå dei spotta folket mittog briska seg mot landet.
9 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Så sant eg lever,skal det gå Moab som Sodomaog ammonittane som Gomorra;dei skal bli ei tistelmark,ei saltgruve,ei øydemark for alltid.Dei som er att av folket mitt,skal plyndra dei,ein rest av folket skal ta dei i eige.
10 Dette får dei att for sitt overmot,fordi dei spotta og såg ned påfolket til Herren over hærskarane.
11 Herren vekkjer frykt hos deinår han utryddar alle gudane på jorda.Alle folkeslag frå fjerne kystarskal koma og tilbe han, kvar frå sin stad.