1 Ve den trassige, tilsølte byen,ho som undertrykkjer!
2 Ho lyder ingen,tek ikkje imot formaning,lit ikkje på Herren,held seg ikkje nær til sin Gud.
3 Hos henne er fyrstane som brølande løver,dommarane som ulvar om natta,dei sparer ingenting til det blir morgon.
4 Profetane er skrytande, trulause menn,prestane krenkjer det som er heilagt,dei gjer vald mot lova.
5 Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon feller han sin dom,den manglar ikkje når dagen gryr.Men den som gjer urett, kjenner ikkje skam.
6 Eg har utrydda folkeslag,borgtårna deira ligg i grus.Eg har lagt gatene aude,ingen ferdast på dei.Byane deira er herja og folketomme,ingen bur der lenger.
7 Eg sa: «Berre du ville frykta megog ta imot formaning!»Då vart ikkje bustadene utrydda,all mi straff skulle ikkje råka byen.Men dei gjorde berre vondt, seint og tidleg,med alt dei gjorde.