13 Dei som er att av Israel,gjer ingen urettog talar ikkje løgn,ingen svikefull tale finst i deira munn.Når dei går på beite, kviler dei trygt,ingen skremmer dei.
14 Bryt ut i jubel, dotter Sion!Rop av fryd, Israel!Gled deg, dotter Jerusalem,jubla av heile ditt hjarte!
15 Herren har fria deg frå dommen,drive fiendane dine bort. Herren, Israels konge, er hos deg,du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.
16 Den dagen skal dei seia til Jerusalem:Sion, ver ikkje redd!Lat ikkje hendene siga!
17 Herren din Gud er hos deg,ein helt som frelser.Han gleder og frydar seg over deg,viser deg atter sin kjærleik.Han jublar over deg med fryd
18 som på ein høgtidsdag.Eg friar deg frå den dagendu måtte tola spott.
19 Sjå, på den tida grip eg innmot alle dei som plagar deg,eg bergar dei haltande,og dei bortdrivne samlar eg.Eg gjev dei eit godt namn og ryktei alle land der dei hadde vorte til skamme.