3 Hos henne er fyrstane som brølande løver,dommarane som ulvar om natta,dei sparer ingenting til det blir morgon.
4 Profetane er skrytande, trulause menn,prestane krenkjer det som er heilagt,dei gjer vald mot lova.
5 Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon feller han sin dom,den manglar ikkje når dagen gryr.Men den som gjer urett, kjenner ikkje skam.
6 Eg har utrydda folkeslag,borgtårna deira ligg i grus.Eg har lagt gatene aude,ingen ferdast på dei.Byane deira er herja og folketomme,ingen bur der lenger.
7 Eg sa: «Berre du ville frykta megog ta imot formaning!»Då vart ikkje bustadene utrydda,all mi straff skulle ikkje råka byen.Men dei gjorde berre vondt, seint og tidleg,med alt dei gjorde.
8 Difor, vent på meg,seier Herren,til den dagen eg står fram som vitne.For det er min rett å samla folkeslagog føra kongerike samanfor å ausa ut harmen min over dei,all min brennande vreide.For i elden frå min lidenskapskal heile jorda øydast.
9 Då vil eg atter gje folka eit reint tungemålså dei alle kan kalla på Herrens namnog tena han skulder ved skulder.