1 Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige.
2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.
3 Og på dette veit vi at vi kjenner han: at vi held boda hans.
4 Den som seier: «Eg kjenner han», men ikkje held boda hans, er ein løgnar, og sanninga er ikkje i han.
5 Men Guds kjærleik har i sanning vorte fullenda i den som held ordet hans. Av dette veit vi at vi er i han.
6 Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.