13 Eg skriv til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg skriv til dykk, de unge,fordi de har vunne over den vonde.
14 Ja, eg har skrive til dykk, born,fordi de kjenner Far.Eg har skrive til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg har skrive til dykk, de unge,fordi de er sterke.Guds ord blir verande i dykk,og de har vunne over den vonde.
15 Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg.
16 For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda.
17 Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.
18 Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.
19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hos oss. Slik skulle det visa seg at ikkje alle er av oss.