18 Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.
19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hos oss. Slik skulle det visa seg at ikkje alle er av oss.
20 Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga.
21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga.
22 Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen.
23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.
24 Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen.