20 Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga.
21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga.
22 Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen.
23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.
24 Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen.
25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vill.