26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vill.
27 Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.
28 Ja, born, bli verande i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje bli bortviste med skam når han kjem att.
29 Når de veit at han er rettferdig, skjønar de at den som gjer det som er rett, er fødd av han.