5 Men Guds kjærleik har i sanning vorte fullenda i den som held ordet hans. Av dette veit vi at vi er i han.
6 Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.
7 Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.
8 Likevel er det eit nytt bod eg skriv til dykk, eit bod som er sant i han og i dykk. For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no.
9 Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret.
10 Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall.
11 Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.