7 Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.
8 Likevel er det eit nytt bod eg skriv til dykk, eit bod som er sant i han og i dykk. For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no.
9 Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret.
10 Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall.
11 Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.
12 Eg skriv til dykk, born,fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.
13 Eg skriv til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg skriv til dykk, de unge,fordi de har vunne over den vonde.