10 Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.
11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre.
12 Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.
13 De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk.
14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden.
15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.
16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.