4 Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova.
5 Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd.
6 Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.
7 Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig.
8 Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.
9 Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud.
10 Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.