7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,for kjærleiken er frå Gud,og kvar den som elskar, er fødd av Gudog kjenner Gud.
8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,for Gud er kjærleik.
9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,at han sende sin einborne Son til verdaså vi skulle ha liv ved han.
10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,men at han har elska ossog sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.
12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.