10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i sitt indre. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til løgnar, fordi han ikkje har trudd Guds eige vitnemål om sin Son.
11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son.
12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
13 Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.
14 Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.
15 Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.
16 Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.