18 Vi veit at kvar den som er fødd av Gud, ikkje syndar. For han som er fødd av Gud, vernar han, så den vonde ikkje kan koma til.
19 Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.
20 Og vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss forstand, så vi kjenner Den sanne. Vi er i Den sanne, vi som er i hans Son, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
21 Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!