2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: at vi elskar Gud og held hans bod.
3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.
4 For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?
6 Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.
7 Så er det tre som vitnar:
8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.