1 Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Kristi Jesu apostel, og bror vår Sostenes
2 helsar Guds forsamling i Korint, de som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage saman med alle som kvar på sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre:
3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus.
5 I han har de vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap.