10 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.
11 For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk.
12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus».
13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?
14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius,
15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn.
16 Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.