11 For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk.
12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus».
13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?
14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius,
15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn.
16 Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
17 For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.