16 Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
17 For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.
18 For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft.
19 For det står skrive: Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise, og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.
20 Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud vist at visdomen i verda er dårskap?
21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.
22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,