19 For det står skrive: Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise, og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.
20 Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud vist at visdomen i verda er dårskap?
21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.
22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,
23 men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar.
24 Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.
25 For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.