21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.
22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,
23 men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar.
24 Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.
25 For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.
26 Sjå berre kven de sjølve er, sysken, de som vart kalla: ikkje mange vise etter menneskelege mål og ikkje mange mektige eller av fornem slekt.
27 Men det som går for å vera dårskap i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skamme. Det som blir rekna som veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skamme.