7 så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.
8 Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag.
9 Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.
10 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.
11 For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk.
12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus».
13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?