1 Eg vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya og gjekk alle gjennom havet.
2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet,
3 og dei åt alle den same åndelege maten
4 og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus.
5 Likevel hadde Gud inga glede i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.
6 Desse hendingane er åtvarande eksempel for oss. Dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, slik som dei hadde.
7 Ver ikkje avgudsdyrkarar slik nokre av dei var, som det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.