15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier!
16 Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp?
17 Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.
18 Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?
19 Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko?
20 Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.
21 De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.