9 Heller ikkje må vi setja Kristus på prøve, slik nokre av dei gjorde og vart drepne av ormane.
10 Og de må ikkje vera misnøgde og murra, slik nokre av dei murra og vart drepne av øydeleggjaren.
11 Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.
12 Difor må den som trur at han står, passa på at han ikkje fell.
13 De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.
14 Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga!
15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier!