13 Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?
14 Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,
15 medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.
16 Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar.
17 Når eg no gjev dykk mine påbod, kan eg ikkje rosa dykk for samkomene dykkar. Dei er meir til skade enn til nytte.
18 For det første høyrer eg at de er ueinige når de kjem saman i forsamlinga, og eg trur at det er noko i det.
19 For det må vel vera oppsplitting i flokkar hos dykk, slik at det kan bli klårt kven som held mål.