26 For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.
27 Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod.
28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret.
29 For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms.
30 Difor er det mange veike og sjuke hos dykk, og nokre sovnar inn.
31 Om vi dømde oss sjølve, vart vi ikkje dømde.
32 Men når vi blir dømde av Herren, blir vi refsa, så vi ikkje skal bli fordømde saman med verda.