4 Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, vanærar hovudet sitt.
5 Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt.
6 Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller barbera håret av seg, må ho dekkja seg til.
7 Men mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.
8 For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.
9 Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
10 Difor skal kvinna, for englane skuld, ha noko på hovudet som teikn på sin rett.