1 Når det gjeld Andens gåver, sysken, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap.
2 De veit at då de var heidningar, vart de viljelaust dregne med til dei stumme avgudane.
3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna vere Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den heilage ande.
4 Nådegåvene er ulike, men Anden er den same.
5 Tenestene er ulike, men Herren er den same.
6 Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle.
7 Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.