17 Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen?
18 Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det.
19 Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen?
20 Men no er det mange lemer, men berre éin kropp.
21 Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk».
22 Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan.
23 Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg;