3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna vere Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den heilage ande.
4 Nådegåvene er ulike, men Anden er den same.
5 Tenestene er ulike, men Herren er den same.
6 Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle.
7 Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.
8 For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden.
9 Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden.