1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger,men ikkje har kjærleik,då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
2 Om eg har profetisk gåveog kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,men ikkje har kjærleik,då er eg ingen ting.
3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,men ikkje har kjærleik,då har eg ingen ting vunne.
4 Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.