17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det.
18 Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.
19 Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.
20 Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne.
21 Det står skrive i lova: Gjennom folk med andre tungemål og med andre språk på leppene skal eg tala til dette folket, men endå vil dei ikkje høyra på meg,seier Herren.
22 Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande.
23 Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?